Baksida av medaljen: Omsetting og vondskap

Vi har lett for å tenke på omsetting som noko bra. Men i seg sjølv er ikkje omsetting godt. Omsetting kan gjerast på måtar og med mål som valdar meir skade enn dei bygger bruer. Dersom ein verkeleg skal kunne gi utfyllande svar på korleis omsetting forandrar verda, må ein også gå inn i det vonde. Kva plass får vondskapen når vi fortel omsettingshistoria vår? Tidsskriftet Mellom stiller dette spørsmålet til tre paneldeltakarar med ulike kjennskapar til omsettingsverda.

Omsettaren får stor plass når vi skriv om omsettingshistoria, men er ein viktig omsettar også ein omsettar som har gjort noko godt? Kan den omsette litteraturen spele ei rolle når makthavarar ønsker å halde på posisjonen sin? Og er det mogleg å tileigne seg litterære verk gjennom omsetting for å gi sin politiske agendaen eit litterært fundament?

Dette er tema som vi ønsker å ta opp i løpet av denne samtalen med Birgit Bjerck (redaksjonsmedlem for Norsk Oversetterleksikon) , Ida Hove Solberg (ph.d. i omsettingsstudiar) og Giuliano D’Amico (førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo), som skal leiast av Erlend Wichne (redaktør i tidsskriftet Mellom).

Les meir:
http://oversetterforeningen.no/mellom-2-2018-medaljens-to-sider/

Foto: Lise Hartvigsen, forsidebilde Mellom #2/2018.

Reklamer